VEDTEKTER
for Norges Fjordhestlag

§ 1 Lagsnamn 
Laget sitt namn er Norges Fjordhestlag. Norges Fjordhestlag er ein medlemsorganisasjon. 
§ 2 Formål 
Norges Fjordhestlag har som formål å samle alle med interesse for fjordhest til sams arbeid til beste for denne hesterasen. 

For å bidra til dette skal Norges Fjordhestlag 
– sjå til at rasen vert halden rein og stettar eit allsidig brukskrav 
– medverke til eit tenleg og planfast avlsarbeid 
– representere fjordhestinteressene ovanfor styresmaktene, Norsk Hestesenter og samarbeide med andre hesteorganisasjonar i inn- og utland 
– fremje meir allsidig bruk av fjordhesten, utvikle konkurransereglar i køyring, riding m.m. 
– hjelpe til med omsetnad av fjordhest, særleg med omsyn til eksport – import 
– samt på andre måtar arbeide for utvikling og bruk av fjordhest 

Laget skal gje ut eit medlemsblad. 
§ 3 Medlemskap 
Alle som støttar Norges Fjordhestlag sitt formål kan teikne medlemskap. Innmelding skjer direkte til Norges Fjordhestlag. 

Alle som betalar full kontingent er hovudmedlem. 

Æresmedlemmer av Norges Fjordhestlag vert utnemnde av styret. 
§ 4 Organisasjon 
Medlemmer i Norges Fjordhestlag organiserast i lokallag. 
Lokallaga i eit fylke skal samansluttast til eit fylkeslag. 
I tillegg er det organisert to distriktslag: Nordfjord og Sunnfjord. 
Organisasjonen sine rettar og plikter vert utøvde gjennom fylkeslag, distriktslag og lokallag. 
Årsmøtet i Norges Fjordhestlag fastset retningsliner for arbeidet i fylkeslag, distriktslag og lokallag. 
§ 5 Utmelding 
Utmeldinga må skje skriftleg til Norges Fjordhestlag. Det skal betalast medlemskontingent til og med det året utmelding skjer. 

Medlem som etter påkrav ikkje har betalt kontingent i 2 år, kan strykast som medlem.
§ 6 Medlemskontingent 
Medlemmer i Norges Fjordhestlag skal betale kontingent etter vedtak av årsmøtet. Norges Fjordhestlag krev inn medlemskontingenten. 

Fylkeslag, distriktslag og lokallag fastset sjølve kva medlemskontingenten skal vere for sine lag. 

For hovudmedlemmer omfattar kontingenten også retten til å få medlemsbladet tilsendt. 
§ 7 Årsmøte 
Årsmøtet er øvste avgjerdsorgan i Norges Fjordhestlag. Årsmøtet må haldast innan 1.juni. Årsmøtet vert leia av den valde ordstyraren. 

Årsmøtet er samansett av utsendingar frå fylkeslag og distriktslag i høve til medlemstalet, ordstyrar og styret for laget. 

Det er det samla medlemstalet i kvart fylkeslag og distriktslag som er avgjerande for talet på utsendingar. Utsendingane til årsmøtet i Norges Fjordhestlag skal veljast på årsmøtet til fylkeslaga og distriktslaga. Utsendingane må vere myndige. Styret har ikkje røysterett vedkomande årsmelding og rekneskap. 

Alle fylkeslag og distriktslag har rett på minst ein utsending til årsmøtet. Deretter ein ny utsending for kvar påbyrja 50 medlemmer. 
§ 8 Innkalling og gjeremål 
Leiaren i styret sørgjer for innkalling til årsmøtet. Innkalling til ordinært årsmøte skal vere skriftleg, og skal sendast fylkeslaga minst 3 veker på førehand. Med innkallinga til ordinært årsmøte ligg det ved sakliste, årsmelding, rekneskap og moglege innkomne framlegg. 

Årsmøtet sine gjeremål: 
1. Val av 2 utsendingar til å skrive under møteboka 
2. Handsame årsmelding 
3. Handsame rekneskap 
4. Val 
- val av styreleiar 
- val av 2 styremedlemmer 
- val av første og andre varamedlem til styret 
- val av ein medlem og ein varamedlem til valnemnda 
- val av ordstyrar 
- val av medlemmer til Nordangs Minnefond etter vedtektene for fondet 
- val av to revisorar som ettersynsnemnd 

1. Avlsutval og aktivitetsutval. Årsmøtet skal peike ut to medlemmer og ein varamedlem til kvart utval. Varamedlemmene er peika ut kvart år. Medlemmene er peika ut for to år om gongen, men fyrste året vert ein peika ut for eit år 
2. Fastsetjing av medlemskontingent til landslaget 
3. Innkomne framlegg 

Framlegg som skal handsamast av årsmøtet må vere styret i hende innan 1. februar. 

Alle vedtak på årsmøtet, med unntak av endringar i vedtektene og oppløysing av Norges Fjordhestlag, blir gjort med vanleg fleirtal. Kvar utsending har ei røyst på årsmøtet. 

Ved val der det er framlegg på fleire kandidatar, vert den vald som får meir enn halvparten av røystene. Dersom ingen får meir enn halvparten av røystene, vert det halde omval på dei to som har fått flest røyster. 

Norges Fjordhestlag skal ha eit avlsutval på tre medlemmer og likeeins eit aktivitetsutval på tre medlemmer. Til kvart utval vert to medlemmer med varamedlemmer peika ut av årsmøtet. Leiarane av utvala vert kvart år peika ut av styret. Medlem i styret kan vere leiar av det einskilde utval. Styret fastset arbeidsoppgåvene for utvala. 
§ 9  Ekstraordinært årsmøte 
Ekstraordinært årsmøte vert kalla inn dersom styret finn det rett, eller dersom lag som representerer minst halve medlemsstokken krev det. Ved innkalling til ekstraordinært årsmøte nyttar ein same frist som for ordinært årsmøte. På ekstraordinært årsmøte vert berre dei sakene som står på saklista handsama.
§ 10  Styret 
Laget skal ha eit styre på 5 medlemmer valde av årsmøtet. Leiaren vert vald særskilt for eit år. 

Dei andre styremedlemmene vert valde for 2 år slik at to av medlemmene står på val kvart år. 

Styret vel sjølv ein av styremedlemmene til nestleiar. Varamedlemmene til styret er på val kvart år. 

Dei som vert valde inn i styret må vere medlemmer av Norges Fjordhestlag. 

Styret kan kallast saman så ofte leiaren finn det nødvendig, eller når minst to andre styremedlemmer krev det. Eit styrevedtak er gyldig når minst tre av styremedlemmene røystar for vedtaket. For at styret skal vere vedtaksført, må minst tre av styremedlemmene vere tilstades på møtet. Ein av desse må vere styreleiar eller nestleiar. 

Styret skal føre møtebok som vert underskriven av dei frammøtte styremedlemmene. 
§ 11 Valnemnd 
Norges Fjordhestlag skal ha ei valnemnd på tre medlemmer valde av årsmøtet. Kvar medlem i nemnda står på val kvart tredje år. Leiar er fortrinnsvis den som har site lengst i nemnda. Det skal veljast ein varamedlem til valnemnda kvart år.
§ 12 Endring av vedtektene 
Endring av vedtektene krev 2/3 fleirtal av dei avgjevne røystene på årsmøtet.

  Det skal stå i innkallinga kva framlegget til endring går ut på. 
§ 13 Oppløysing 
Oppløysing av Norges Fjordhestlag kan berre handsamast av det vanlege årsmøtet. Det krevst at minst 4/5 av dei tilslutta laga er representerte. 

Dersom frammøtet ikkje er stort nok, kan framlegget takast opp igjen på nytt årsmøte etter ein månad. Oppløysing av laget krev då 2/3 fleirtal. Dersom Norges Fjordhestlag vert oppløyst, skal mogeleg eige delast mellom fylkeslag og distriktslag i samsvar med medlemstalet deira.