Hingsteutstillingen i
Nordfjordeid Hingsteutstillinga
på Nordfjordeid - ein gamal tradisjon-
Sidan 1886 har Statens Hingsteutstilling på Nordfjordeid første helga i
mai, vore høgdepunktet for mang ein fjordhestentusiast. Tilsvarande
utstilling blir også arrangert på Biri kvar vår. Utstillinga er i dag
det høgste avlsmålet for fjordhingstar, det er her retningslinene for
framtidig avls- og bruksmateriale blir tekne i bruk i praksis.
Alle kåra treårs-hingstar må ha fullførte og godkjente trav- og
trekkprøver. i tillegg må dei gjennomføre utvida bruksprøver som
5-åringar, for å stadfeste brukseigenskapane i tillegg til
avlskvalitetane.
Norges Fjordhestlag har utarbeidd ein
eigen avlsplan for rasen, for å sikre ein jamn og god kvalitet på alle
premierte fjordhestar.

Nordfjordeid 1983
Nr. 26 Grå-Jarl og Birgitha Johansson
Foto: 8foto Ole Thoresen |
Dagar fylte av hest, handel, show og
minne.
Ein slik årleg sammankomst av små og store, nye og gamle
fjordhest-elskarar, gjer utstillinga til eit spesielt arrangement. Her
opplever du kjøp og sal av hest og utstyr, oppvisningar, årsmøte,
festmiddag, ekte vestlandsver og mimring blandt gamle kjende som
"takk for sist".
Tilreisande fjordhestfolk frå store delar av verda møtest rundt ringen
desse dagane, for å ta del i den særeigne stemninga du alltid vil finne
her.
|