Historikk
Utan å ta munnen for full må ein vel seie at Nordfjord og Sunnfjord Fjordhestlag høyrer til kjerneområdet til Fjordhesten. Laga dekkjer området frå grensa til Møre i nord og til Sognefjorden i sør. Det er vel ingen stader i landet der ein finn så tett med oppdrettarar og så tett med alsdyr. Difor vert al og utstilling viktige oppgåver for dei to laga. Her kan ein ikkje tilby oppdrettarane kva som helst av hingstar. Det skal vere det beste som er å skaffe.
Kvar haust vert det halde hoppeutstilling vekselvis i Førde og Stryn. Laga held kvar vår unghestsjå i Førde og på Fjordhestgarden på Breim. Fleire bygder har aktive ride og køyreklubbar slik at bruksaktivitetane oftast vert drivne i deira regi. Norsk Fjordhestgard på Breim og Norsk Fjordhestsenter på Nordfjoreid ligg i Nordfjord og er medspelarar i arbeidet.

Nordfjord Fjordhestlag
Nordfjord Hestalslag var skipa så tidleg som 1919.Den første leiaren i laget var Arne Hegdal.
Han sat fram til 1926 då den legendariske Elias Faleide tok over. Faleide sat som leiar heilt til 1959
Den første tida arbeidde laget med å få organisert hingstehaldet i Nordfjord. Laget arbeidde og for at dømminga av unghest skulle komme inn i faste former.
At statens hingsteutstilling skulle verte årviss på Nordfjoreid var heller ikkje sjølvsagt. 
Molde og jamvel Bergen melde seg . Til sist vart det til at Eid peika seg ut sjølv og dei andre datt vekk etterkvart.
Då Jens Nordang vart tilsett som statskonsulent for Fjordhest i 1922 kom organiseringa av hestalslaga inn i faste former. Det vart gitt tilskot både til kjøp og foring av hingstar. Laget kunne då konsentrere seg om utstillingsplassen på Eid. 
Samstundes med dette arrangerte laget hoppeutstillingar på Eid og på Sandane dei åra det ikkje var utstilling i Stryn.
Saman med Sunnfjord Hestalslag og Ytre Sogn Fjordhestlag gav laget ut felles unghestkatalog for fjordhest i fylket. I 1944 var det meldt inn 1853 dyr. Snakk om paradis.
Tidene forandrar seg. Rundt 1970 var hingstane i Nordfjord så lite brukte at distriktet kunne klart seg med ein hingst.
Nordfjord Fjordhestlag tok over organiseringa av hingstehaldet. Til vanleg vert det para rundt 40-50 hopper. Vanlegvis har laget to hingstar til bruk anten på stasjon eller slepp.
På 1980 og 90-talet har arbeidet med Norsk Fjordhestsenter kravt mykje arbeid frå laget.
Eit av dei eldste lokallaga i Nordfjord er Gloppen Hestealsforening som vart starta alt i 1897

Etter 1959 har desse vore leiarar i laget:

Isak Myklebust 1960-1975
Even Alme 1976-1982
Bjørn Fløtre  1983-1986
Odd Drageset  1986-1989
Leif Sårheim 1989-1990
Kjell Årdal  1990-1996
Inge Fæn  1996 -1998
Magne Sætre 1998- 2001
Erhard Martin 2001-2004

Tone Smørdal Eid vald 2004 sit no som leiar i laget

Med seg i styret har ho:
Jonfin Bø Breim
Olav Rune Seljeset Hornindal
Steinar Furnes Nordfjoreid
Nils Magne Gjengedal Hyen



Sunnfjord Hestalslag.
Laget har ei kortare historie bak seg .Det var skipa i 1930 med Adolf Aase frå Dale som leiar.
Ein må vel og rekne med at han var drivkrafta bak starten for Nordang kallar ha for fjordingen sin talsmann i Sunnfjord. Lars Nordeide frå Askvoll tok over før Aase kom att og sat til etter krigen. Leiarskapen skifte fleire gonger. Lengst fartstid har Ola Fimland frå Naustdal, Johannes Nes frå Viksdalen og Hjalmar Erdal frå Førde. Laget har teke på seg mange oppgåver opp gjennom åra. Første oppgåva var organiseringa av unghestdømminga. Seinare arrangerte laget utstilling i Askvoll det året det ikkje var statsutstilling i Sunnfjord. Laget skipa til fleire kurs i hovstell og hovslaging på 1930-talet.
Det mest vidtfemnade laget tok på seg var eit trygdelag for hingstar. Dette fungerte til fram på 60 talet då det hadde utspelt rolla si. Saman med naboen i nord og Ytre Sogn Fjordhestlag gav laget ut unghestkatalog for fjordhest .
Liksom i Nordfjord vart hingstehaldet dyrt for lokallaga. Etter lange og grundige drøftingar tok Sunnfjord Fjordhestlag over hingstehaldet i Sunnfjord i 1988. Til saman brukar det å verte para rundt 40 hopper i laget. Oftast har laget to hingstar til bruk for hoppeigarane. Ein står i stasjon og ein vert sleppt med hopper i Ytre Sogn.(Paradiset). Saman med Jordbrukskulen på Mo og Firda Travlag har laget bygd skikkeleg god treningsbane både for trav og riding på Mo. Annankvar haust er laget lokal arrangør av Statens Hoppeutstilling
Det eldste lokallaget i Sunnfjord er det som då vart kalla Dale og Guddal Hestavlsforening og vart skipa i 1904.

Leiarar:

Adolf Aase  1930 -1932
Lars Nordeide  1932-1934
Adolf Aase  1934-1945
Ola Fimland  1945-1957
Johannes Nes 1957-1976
Arne Helgås  1976-1979
Roald Solaas  1979-1982
Kjell Kvammen  1982-1983
Hjalmar Erdal 1983-1993
Olav Støylen  1993-1996
Thorleif Opseth  1996-1997
Bjarne Risting  1997-1998 

No sit Oddvar Vassliås frå Dalsfjorden/Ytre Sogn som leiar.
Han vart vald i 1998. 

Med seg i styret har han
Jorunn Einevoll frå Førde
Vidar Heggheim frå Naustdal
Trine Hestad frå Bygstad
Kjell k Erikstad frå Jølster.



Denne siden ble oppdatert 15.02.2004