Rasebeskrivelse

Fjordhesten har i uminnelige tider vore ein sentral del av gardsarbeidet og trafikkbiletet dei fleste stader på Vestlandet. I jord-, skogbruk og skyssverksemd var fjordhesten ein uunnverleg arbeidskamerat, som var med på å legge livsgrunnlaget for folk rundt om i Norge i eldre tid. I tillegg til arbeidet på markene og i skogen, var han også eintrufast kløvhest når mat og utstyr skulle fraktast til fjells. den dag i dag finn vi framleis fjordhesten gåande i jordbruk, skogbruk og skyssverksemd.

Trass i uheldig kryssningsavl og utryddingsfare tidleg på 1900-talet, har standhaftige forkjemparar for fjordhesten klart å halde rasen rein. Med målretta og systematisk avlsarbeid, har fjordhesten halde på særpreget, og har i dag en sterk posisjon både i langstrakte Norge og i utlandet. Fjordhesten har framleis sine trufaste tilhengarar i mang ein familie, i tillegg til alle dei som etterkvart har teke til å bruke han som ein allsidig sports- og fritidshest.

Fjordhesten - ein allsidig rase
Fjordhesten har vist at han er ein hest som fungerer for mange ulike brukargrupper. Haldbarheit, styrke og godt lynne er blandt dei mest framtredande eigenskapane for denne rasen.
Mange ser fjordhesten som sin sjølvskrivne turkamerat. Då han har eit stødig gangelag, tek han seg lett fram i bratt og ulendt terreng.
På grunn av storleiken og det stabile lynnet, er han og godt eigna som terapihest. I tillegg er fjordhesten ein allsidig sportshest, som høver like godt for nybegynnarar som for erfarne ryttarar og kuskar.

Fjordhesten sine særeigne fargar og avteikn:


GRÅ

Frå heilt lys til mørkare grått hårlag, ofte med mørkt muleparti.
Svart midtstol
Svart og kvit lugg, hale og hovskjegg.
Svart ål

Grå fjordhest
Foto: Elin Ellingsen

RAUDBLAKK

Raudgyllent hårlag som kan variere frå lys til mørk raudleg
Lys eller mørk raudleg midtstol
Lys raudleg mot kvit lugg, hale og hovskjegg.
Brun ål

Rødblakk fjordhest
Anne Karin Løken og Kneist

ULSBLAKK

Tilnærma kvitt hårlag
Svart eller mørk grå midtstol
Svart eller mørk grå og kvit lugg, hale og hovskjegg
Brun ål

 

ulsblakk fjordhest
Ulsblakk hoppe

BRUNBLAKK

Hålaget kan variere frå svært lys til mørk gyllenbrun
Svart eller mørk brun midtstol
Svart/ mørk brun og kvit lugg
Brun ål

 

Brunblakk fjordhest
Rådar og Louise Strand

GULBLAKK

Kremgult mot gulaktig hårlag
Lys eller gulaktig midtstol
Lys mot kvit lugg, hale og hovskjegg
Lys brunleg ål
Då gulblakke hestar er svært lyse, er avteikna ofte utydelige/ svake.

 

Gulblakk vallak
Myrfaks Nordgard
Gulblakk vallak født 1992
Far: Sylv Vidvei, Mor: Myra Nordgard
Eier: Kjell Stadheim
Foto: Idar Walderhaug.

Sebrastriper, eit urteikn
Foto: Elin Ellingsen



Begrepsforklaringar:

Primitive avteikn (urteikn)

Midtstol: Den mørke stripa i midten av mana.
Ål: Stripa langs midten av ryggen
Halefjør: Det mørke midtpartiet i halen
Sebrastriper: Mørke, tverrgåande striper på beina.
Grep: Mørk stripe over manken
Njålsmerke: Liten, mørk brun eller svart flekk i hårlaget på kjeven.
Mørke øyretippar: Sjå godt etter på fjordhesten, svært mange har mørke øyretippar (samme farge som dei andre avteikna.)