|
Maratonkøyring i ekte vestlandsnatur på Norsk Fjordhestgard
NM for Fjordhest hadde sin debut med lett maratonkøyring for seniorar i 2001 på Norsk
Fjordhestgard. I 2004 blir det ein ny debut med middels maratonkøyring for
seniorane. Og nok ein gang er det på Norsk Fjordhestgard det skal skje.
Anlegget på Norsk Fjordhestgard har ei flott maratonbane å tilby. Spesielt med tanke på hinderne i maratonbana. Anlegget har 4 faste hinder som etterkvart har fått namna ”vannhinder”, ”naturhinder”, ”plankehinder” og ”hushinder”. Dei tre første blei brukt førre gang NM for Fjordhest fann stad på anlegget. ”Hushinderet” blei laga til NM Køyring i 2002. Elles har anlegget to flyttbare hinder kalla ”rundballehinder” og ”tønnehinder”. Namna skulle beskrive ganske godt kva hinderne består av.
Det anlegget har fått mykje skryt for når det gjeld maratonbana er att den er så
publikumsvenleg. Her kan man faktisk på enkelte områder sjå alle hinderne på same tid. Men det er vel liten tvil om att hinderet som er mest populært er vannhinderet.
Anlegget ligger på vestlandet og tilbyr rikeleg med vestlandsnatur. Kuskar, ”groomer” og ponniar kan nok også i år, som under NM Køyring 2002, vente seg ei maratonbane der traseane går opp og ned slik naturen på vestlandet. Her må hestane ha kondisjonen i orden.
Mellom bakker og berg og vatn. Her skal krefter og hjerneceller brynast . Vi gledar oss til fart og spenning fredag den 23. juli 2004 når deltakarane skal løyse årets maratonbane på Norsk Fjordhestgard under Fjordhestdagane 2004. |
Klikk på bildene, så åpner de seg i et nytt vindu
|