 |
Country-scene og kontorbrakke
(sekretariat under NM)
Foto: Lucinda B. Reksten
|
 |
Fjordhestgarden frå vest
Foto: Lucinda B. Reksten
|
 |
Fjordhestgarden
Foto: Lucinda B. Reksten
|
 |
Ridehallen der stallane blir
under NM
Foto: Lucinda B. Reksten
|
|
Stiftelsen
Norsk Fjordhestgard
Senter for avl og bruk av fjordhest
Norsk Fjordhestgard er eit ridesenter som vart stifta i 1988. Sidan den tid har det skjedd store endringar.
Norsk Fjordhestgard inneheld i dag ein flott ridehall på 25 x 65 meter. Her er ei stor utebane på 250 x 65 m, ridebane på 25 x 40 m og stallplass til 27 hestar fordelt på 12 spilt og 15 bokser.
Norsk Fjordhestgard har sidan stiftinga i 1988 utvikla seg til å bli eit svært allsidig senter som kan tilby mange ulike aktivitetar med hest. Fjordhestgarden tilbyr ridekurs, rideleir, trening av hest, innkøyring og innridning. Her kan du få deg tur med hest og vogn, du kan vere med på fjellturar og turistriding frå 1 times tur opp til 2 dagars ridetur alt etter smak og behag.
Fjordhestgarden har eit triveleg miljø der alle generasjonar trivast i lag. Ja så triveleg er miljøet her att dei som har jobba som lærlingar og praktikantar på fjordhestgarden blir værande i nærmiljøet. Frå 1995 har 10 personar jobba som lærling/praktikant på Norsk Fjordhestgard, av desse bur 5 fortsatt i Gloppen kommune og 1 i nabokommunen.
Gloppen Køyre- og rideklubb er ein av stiftarane til Norsk Fjordhestgard og har dermed sitt naturlege tilhaldsstad blant anna på fjordhestgarden. Her kan klubben holde medlemsmøte og anna. Og stemner blir sjølvsagt arrangert her.
I dei siste åra har det vorte eit bra køyremiljø i Gloppen Køyre- og rideklubb. Dette har resultert i att Norsk Fjordhestgard i dag har 4 faste maratonhinder og 2 flyttbare. Det flotte med anlegget på Norsk Fjordhestgard er att man under maraton kan stå på ein plass og sjå omtrent alle hinderne. Dette setter publikum stor pris på.
I 2001 arrangerte Gloppen Køyre- og rideklubb NM for Fjordhest og i 2002 NM Køyring på fjordhestgarden.
Men det er ikkje berre ride og køyrekonkurransar som blir arrangert på Norsk Fjordhestgard. Fjordhestgarden prøver å vere ein samlingsplass for heile bygda. Derfor blir det kvart år i over 10 år no arrangert Norsk Country Treff på fjordhestgarden i juli månad. Og 17. – 18. september i år blir haustmarknaden arrangert for tredje gang. Ein marknad med all muleg slags aktivitetar for heile familien.Informasjon om anlegget finner du også på Fjordhestgarden
i Breim sin hjemmeside.
Maratonbana
i bilder finn du her.
|
 |
Stallen og deler av utebana
frå sør-aust
Foto: Lucinda B. Reksten
|
 |
Utebana frå aust mot vest
Foto: Lucinda B. Reksten
|
 |
Utebana frå sør
Foto: Lucinda B. Reksten
|
 |
Utebana frå vest
Foto: Lucinda B. Reksten
|
|