Månedens Fjordhest april 2007
Ring
.
   

 

Hei!

Eg heiter Elin, og eg er 13 år. No vil eg fortelje litt om fjordingen min, Ring, som eg låner av onkelen min i Vågå. Eg fekk han på fôr i sommar, og vil gjerne fortelje litt om korleis han har hatt det den siste tida.

Ring er ein nydeleg brunblakk vallak på 7-8 år. Han har veldig fin bygning når han er i form, og han har fine gangartar.

Kvar sommar, 3 år på rad, har eg besøkt Ring når han sto i Lom. Her kosa han seg, men ingen forventa noko av han, og han berre åt. Dermed blei han smellfeit. Så i sommor fekk eg han endeleg på fôr. Då me skulle hente han virka han litt lei seg, men han gjekk fint innpå. Så reiste me.

Me hadde lang veg, fordi det tok ca. 10 timar med hest og hengar heim. Men me stoppa ofte, så det gjekk ganske bra. Endeleg var me heime, og då var det rett i stallen og slappe av og rulle seg. Det skulle bli nokre dagar med hardtrening no framover...

Eg byrja treninga med ei gong. Rei i skritt og trav berre, og små øvelsar for å bygge opp musklane hans, og gjera han mjuk og smidig. Og han hadde masse uvanar, og dei måtte ein vera VELDIG streng med for å bli kvitt! Hadde han fortsett med desse kunne det blitt farleg, fordi han er så utruleg sterk og tung. Og han var og veldig sta, og det er han fortsatt. Men det er ganske typisk fjording...

No, ca. eit halvt år etter, har han gått ned rundt 100 kg, blitt mykje smidigare, fått meir musklar og blitt kvitt dei fleste uvanar. Han har blitt hoppa med mange gonger, og han syns det er utruleg moro. Han har hoppa rundt 60-70, men han har potensial for mykje høgare hinder. Han er kjempeglad for å bli bruka, og kosar seg når han får oppmerksomhet. Både han og eg har lært masse, og han har ikkje berre fått trim, men me oppnådd harmoni mellom hest og ryttar, og eit solid vennskap. Men det hadde ikkje vore mogleg utan all den hjelpa eg har fått. Det virkar nesten som om eg har fått ny hest, berre at han er like fin som før da, men litt tynnare...:P

Vrinsk og Klem frå Ring og Elin