|
”Fjordhesten” er medlemsbladet til Norges Fjordhestlag, og blir pr. i dag trykt i eit opplag på ca 1400 stk. Medlemsbladet blir automatisk sendt ut til alle som har betalt medlemskontingen i Norges Fjordhestlag, og har eksistert sidan 1976. Bladet har hatt ulike redaktørar opp gjennom åra. Pr. i dag kjem bladet ut
4 gonger i året, målet vårt er å lage eit blad som kjem ut minimum 5, helst 6 gonger årleg.
”Fjordhesten” skal vere ein informasjonskanal og eit kommunikasjonsmiddel for medlemmene våre. I bladet finn du dei siste oppdateringane frå Styret, aktivitets- og avlsutvalet. Du finn oversikt over alle lokal-, distrikts- og fylkeslag tilslutta Norges Fjordhestlag, og namn, adresse og telefonnummer på dei ulike kontaktpersonane i desse laga.
I medlemsbladet ”Fjordhesten” har vi årvisse reportasjar frå tradisjonsrike arrangement som Hingsteutstillinga på Nordfjordeid i mai, merrautstillingar og unghestsjå rundt om i landet og det etterkvart velkjende NM for Fjordhest for å nemne noko. I tillegg er det reportasjar om smått og stort som hender i Fjordhest-Norge i løpet av året. For dei som er yngre har vi ei fast spalte som heiter ”Gult er kult”, vi har den populære Veterinærspalta, ”Glimt frå Fjordhest-verda” og ”Frå svunne tider”.
Elles har vi ein eigen blankett for vår ”Fjordhest-butikk”, der vi blant anna sel ulike artiklar som klede, refleksvestar og fjordhest-effektar. ”Hestebørsen”, der du finn fjordhestar for sal er også eit populært innslag, for ikkje å gløyme ”Debatt-sida” der medlemmer kan sende inn meiningsytringane sine for debatt blant andre fjordhest-entusiastar over heile landet.
Medlemsbladet ”Fjordhesten” er eit blad som har noko å bidra med for alle aldersgrupper, du vil nok finne noko som interesserar nettopp deg dersom du vel å bli medlem i Norges
Fjordhestlag!
Ikke medlem ennå?? Vil du ha en prøvetitt
på bladet??
Her kan du laste ned bladets
nummer 3 - 2007. Fila er i pdf-format, og du trenger Adobes Acrobat
Reader for å lese den. For å laste ned Acrobat Reader, klikk på
bildet under.

Programmet er gratis, men inneholder ingen redigeringsmuligheter, kun
skriv-ut-funksjon.
Vær oppmerksom på at filene er veldig store, og har du treg
oppkobling, kan det ta noe tid å laste dem ned. Isåfall er det best
å høyreklikke og velge "Lagre som".
Etter at du har lastet ned filene kan du stille inn
størrelsesforholdet i Acrobat Reader slik at det blir godt leselig.
100% pleier å gjøre susen.
| Redaktør: |
Åse Ravndal |
| E-post: |
aaseravn@hotmail.com |
Redaksjons adresse: |
Fjordhesten
v/Åse Ravndal
Kvitlyngvn. 26
4332 Figgjo |
| 2012: |
|
|
|
 |
 |
 |
 |
| 2011: |
|
|
|
 |
 |
 |
 |
| 2010: |
|
|
|
 |
 |
 |
 |
| 2009: |
|
|
|
 |
 |
 |
 |
| 2008: |
|
|
|
 |
 |
 |
|
| 2007: |
|
|
|
 |
 |
 |
 |
| 2006: |
|
|
|
 |
 |
 |
 |
| 2005: |
|
|
|
 |
 |
 |
 |
| 2004: |
|
|
|
 |
 |
 |
 |
| 2003: |
|
|
|
 |
 |
 |
 |
| 2002: |
|
|
|
 |
 |
 |
 |
| 2001: |
|
|
|
 |
 |
|
|
|