| |
Møte: 03/12
Tid: 30. mai 2012
Stad: Telefonmøte |
| Sak 27/12: |
Val av utsending til GF NFHS og styremedlem ved
NFHS
Vedtak:
Janne Seilen vart vald som utsending til generalforsamlinga ved AS
Norsk Fjordhestsenter, med Anne-Karin Løken som vara.
Styret har framlegg på Janne Seilen som styremedlem ved AS Norsk
Fjordhestsenter. Vara er Gunnar Bruland, som vart vald for to år i 2011.
|
| Sak 28/12: |
Utsending til representantskapen ved Norsk
Hestesenter
Vedtak:
Janne Seilen reprsenterer NFL i representantskapen ved NHS.
Vara: Anni Dreyer Fladby.
|
| Sak 29/12: |
Søknad om støtte til utarbeiding av
rankinglister på HorsePro
Vedtak:
Det blir i første omgang søkt om tilskot frå Hestehjelpkassa. Endeleg
sum blir fastsett etter behov ved utarbeiding av søknad.
|
| Sak 30/12: |
Styret informerer som ny spalte i
”Fjordhesten”
Styret ønskjer å betre kommunikasjonen med medlemmene. Eit
av tiltaka er å utvide spalta «Nytt frå styret» i medlemsbladet til ei
breiare spalte under namnet «Styret informerer».
Vedtak:
Styret endrar spalta ”Nytt frå styret” til ”Styret informerer”.
I det ligg at styret også kan informere om aktuelle saker som ikkje har
behov for styrebehandling.
|
| Sak 31/12: |
Innkjøp av medaljar til NM/utstilling
Kostnadene med medaljar og pokalar til NM og utstillingar er vesentleg.
Aktivitetsutvalet har undersøkt mulegheiter for ny leverandør og rimelegare
prisar.
Vedtak:
Styret går inn for å skifte leverandør av medaljar og pokalar til
NM/utstillingar for å redusere kostnadene. Leiar i aktivitetsutvalet tek snarast
kontakt med leverandør med tanke på NM 2012 og andre framtidige arrangement.
|
| Sak 32/12: |
Støtte til carnet for konkurranseryttarar/-
kuskar ved reise til EM i Tyskland 2012
Vedtak:
Aktivitetsutvalet utarbeider klare kriterier og retningsliner for
tildeling av støtte til carnet ved arrangement i utlandet. Dette blir så
oversendt styret for vurdering, og må vere på plass før eventuell støtte blir
tildelt.
|
| Sak 33/12: |
Hingstekatalogen
Oppdatering av hingstekatalogen har i mange år vore mangelfull. Skal han leggast
ned, eller skal ein ta grep for å forbetre han?
Vedtak:
Styret ynskjer å vidareføre hingstekatalogen. Det blir teke kontakt med
webmaster om tekniske løysingar/rutinar som kan forenkle arbeidet med å halde
katalogen oppdatert. Ein går sterkare ut med oppmoding til
hingsteeigarar/hingstehaldarar om betre innrapportering |