Referat frå årsmøtet i Norges Fjordhestlag 2012

Skrevet av: Leif Rand
Publisert: 11.06.2012

Onsdag 2. mai 2012 Kl. 13.00

Sak 1:

Opning av møtet.
Ordstyrar Karl Vie sette møtet og gav ordet til leiar Kristian Bakken som ynskte alle utsendingar og gjester velkomne.
Årsmøtet mintest først 2 fjordhest-venner som var fått bort, Edvin Thorson og Daniel Aronius.
I åpninga nemnde leiar kort at den reviderte avlsplan no er godkjent av styret ved Norsk Hestesenter.
Han opplyste også om dei nyvalde leiarane av avls-utval og aktivitetsutval, og om utnemninga av ny redaktør.

 

Sak 2:

Registrering av utsendingar.
Namneopprop ved sekretæren, disse utsendingane møtte:

Østfold: Jostein Flagtveit
Oslo og Akershus: Ingvild N. Sveen
Per Løken
Hedmark: Vidar Bjørnstad
Stine Bjørnstad
Oppland: Marit R. Marstein
Liv Grasdalsmoen
Buskerud: Lisbeth Strandum
Vestfold: Elisabeth Avdal
Telemark: Svein Ove Garshol
Rogaland: Kristin Vinsrygg
Jostein Østrem
Åse Ravndal
Hordaland: Kjersti Anette Botnevik
Reinert Skumsnes
Anveig Solberg
Jenny W. Johnsen
Sunnfjord og Sogn: Harald Løtuft
Vidar Heggheim
Torill Øvrebø
Nordfjord: Olav Rune Seljeset
Nils M. Gjengedal
Terje Håheim
Møre og Romsdal: Per Harald Myklebust
Karine M. Kristiansen
Lisbeth Mo Myklebust
Trøndelag: Unni Sørtømme
Finnmark: Anne Margrete Krogh
Frå styret: Kristian Bakken
Gunnar Bruland
Knut R. Thunheim
Berit Bergset
Janne Seilen
Ordstyrar:

Karl Vie

 

Sak 3:

Val av 2 utsendingar til å skrive under møteboka.
Vidar Bjørnstad og Anne Margrete Krogh vart valde til å skrive under møteboka.

 

Sak 4:

Godkjenning av innkalling.
Innkallinga vart godkjent. Ynskje om start seinare på dagen.

Før den vidare saklista var det ei kort orientering ved Vegard Thune frå NHS.
Først om nye signal frå EU ang. kåring og godkjenning av hest.
Vidare om vedteken handlingsplan og utredninga om dei nasjonale hestesentra.
Der er det lagt opp til sterkare samarbeid mellom dei 3 sentra, der det er lagt føringar i tildelinga av midlar.

Vidar Heggheim orienterte kort om 150-års jubileumsutstilling i Sunnfjord 26.-29.juni 2014.

 

Sak 5:

Årsmelding Norges Fjordhestlag 2011.
Årsmeldinga vart gått igjennom kapittel for kapittel. Det vart så åpna for kommentarar.
Det vart stilt spørsmål ved avlsmidlane til unghopper, der det er få søknader og at beløpet er relativt lite. Det vart også uttrykt ynskje om å føre pengar tilbake til laga og lagshingstane.
Knut R. Thunheim orienterte kort om tildelinga av avlsmidlar og prioriteringa av tildelinga.

 

Sak 6:

Rekneskapen Norges Fjordhestlag 2011.
Rekneskapen vart lagt fram med eit underskot på kr. 45397,-.
Den vart samrøystes godkjent.
Knut Rasmus Hjelle la fram revisjonsmeldinga.
Han bad styret vurdere § 5 i vedtektene der det skal gå 2 år før nokon kan strykast som medlem.

 

Sak 7:

Sak frå Nordfjord Fjordhestlag. Kåring av hingstar.
Nordfjord Fjordhestlag la fram følgjande sak:
”Dommarane skal kåre ALLE hingstane som held krava for kåringsgraden, dei skal ikkje tenkje på antal hingstar som blir kåra.
Det er avlarane som vel kva for kåra hingstar dei vil bruke”

Saka vart drøfta og avslutta utan avstemming.

 

Sak 8:

Sak frå Dalsfjorden/Ytre Sogn Fjordhestlag.
Vedtekter for fylkes-/distrikts- og lokallag.
Dalsfjorden/Ytre Sogn Fjordhestlag la fram følgjande framlegg:
”Årsmøtet i Norges Fjordhestlag vel ei nemnd som skal utarbeide eit fullstendig
lov-/vedtektsframlegg med normalvedtekter for fylkes-/distriktslag og lokallag. Framlegget vert så å sende ut til demokratisk handsaming i fylkes- /distrikts-/lokallag.”
Framlegg frå årsmøtet om også å inkludere vedtektene for landslaget i vedtaket.

Dette fall med 15 mot 17 røyster.

Følgjande framlegg opp til ny avrøysting:

” Styret set ned eit utval som skal utarbeide eit fullstendig lov- /vedtektsframlegg med normalvedtekter for landslag, fylkes-/distriktslag og lokallag. Framlegget vert så å sende ut til demokratisk handsaming i fylkes- /distrikts-/lokallag.”

Dette vart vedteke med 26 røyster.

Styret ba om framlegg frå årsmøtet på 2 personar til å sitje i dette utvalet:
Mari Beate Kleiven og Karoline Engjaberg. Vara: Oddvar Vassliås.

Desse vart samrøystes valde.
Styret stiller med ein person i utvalet.

Sak 9:

Medlemskontingent 2013.
Styret stillte framlegg om å ikkje endre kontingenten for 2013.

Dette vart samrøystes vedteke.

 

Sak 10:

Val. Spesifisert etter vedtektene.


Val av leiar:
Kristian Bakken takka nei til attval som leiar.
Framlegg frå valnemnda til ny leiar: Janne Seilen.
Ingen andre framlegg.
Janne Seilen vart vald med 31 stemmer, 2 blanke.

Val av styremedlem:
Framlegg frå valnemnda til ny styremedlem i staden for Janne Seilen:
Anne-Karin Løken.
Ingen andre framlegg. Samrøystes vald.

Val av styremedlem:
Berit Bergset takka nei til attval som sytremedlem.
Framlegg frå valnemnda til ny styremedlem:
Anni Dreyer Fladby.
Ingen andre framlegg. Samrøystes vald.

Val av 1.varamedlem til styret:
Framlegg frå valnemnda på attval av Petter Inge Bergheim.
Ingen andre framlegg. Samrøystes vald.

Val av 2.varamedlem til styret:
Hedda Smukkestad hadde takka nei til attval.
Framlegg frå valnemmda: June Cecilie Horntvedt.
Ingen andre framlegg. Samrøystes vald.

Val av medlem til avlsutvalet.
Jonas Vevle er tidlegare utnemnd som leiar av avlsutvalet.
Framlegg frå valnemnda til ny medlem i avlsutvalet: Even Myklebust.
Ingen andre framlegg. Samrøystes vald.

Val av varamedlem til avlsutvalet:
Framlegg frå valnemnda på attval av Runa Smedsmo.
Ingen andre framlegg. Samrøystes vald.

Val av medlem til aktivitetsutvalet:
Framlegg frå valnemnda på attval av Lucinda Bjørnset Reksten.
Ingen andre framlegg. Samrøystes vald.

Madsi Vinjevoll er tidlegare utnemnd som leiar i aktivitetsutvalet.
Framlegg frå årsmøtet på at Unni Sørtømme går frå varamedlem til fast medlem.
Ingen andre framlegg. Samrøystes vald.

Val av varamedlem til aktivitetsutvalet:
Framlegg frå årsmøtet på Tina Holte Rød.
Ingen andre framlegg. Samrøystes vald.

Val av ordstyrar:
Framlegg frå valnemnda på attval av Karl Vie.
Ingen andre framlegg. Samrøystes vald.

Val av ettersynsnemnd:
Framlegg frå valnemnmda på attval av Knut Rasmus Hjelle og Arve Espe.
Ingen andre framlegg. Samrøystes valde.

Val til Nordangs Minnefond:
Rogaland fylke: Per Aksel Birkeland, attval
Karl Jostein Østrem, vara. Ny.
Hordaland fylke: Audun Næs, ny.
Olav Langesæter, vara. Ny.

Val av valnemnd:
Steinar Furnes går ut av valnemnda.
Som ny leiar vart vald: Leif Arne Lirhus.
Øvrige medlemar: Marit S. Kristiansen
Tone Smørdal

Val av vara til valnemnda:
Framlegg på Per Harald Myklebust og Svein Ove Garshol.
Avrøystinga gav følgjande resultat:
Per Harald Myklebust: 16 røyster
Svein Ove Garshol: 16 røyster

Ved loddtrekning vart Per Harald Myklebust ny vara til valnemnda.

 

Til slutt takka Janne Seilen for tilliten, og kom inn på dei utfordringane som ligg føre.
Det vart delt ut blomster og takk til Kristian Bakken og Berit Bergset som gjekk ut av styret. Og til Anne Karin Løken for arbeidet ho har utført som redaktør.
Kristian Bakken takka for støtta gjennom 3 år og ynskte Janne Seilen lykke til.

     Leif Rand           Vidar Bjørnstad           Anne Margrete Krogh     
Referent.    




  Klikk her for en printervennlig versjon av denne artikkelen 
(Åpner seg i et nytt vindu)
 

Tips en venn om denne artikkelen:

Ditt navn: Din 
e-postadresse:
Din venns 
e-postadresse: