 |
|
 |
Avlsplanen for fjordhest
Skrevet av: Styret i NFHL
Publisert: 02.05.2012
|
| Avlsplanen for fjordhest vart vedteken av styret på Norsk Hestesenter 25.04.2012, og denne erstattar planen frå 2003. |
Dei nye dommarkorta som Norsk Hestesenter har utarbeidd, skal vekte
eigenskapar eksakt og nøyaktig etter prosentsatsane som til ei kvar tid er
fastslegne i avlsplanen (ved at det skal nyttast rekneark). Nytt forslag til
vektlegging var foreslått i den nye avlsplanen. Dette systemet er ikkje
utprøvd, og var fleire tilbakemeldingar på forslag til ny vektlegginga av
eigenskapar i høyringsrunden. Revisjonsgruppa har derfor funne det rettast å
prøve dette ut i praksis før det vert teke i bruk permanent. Difor er
avlsplanen vedteken utan at vektinga frå 2003 er endra.
Den nye vektinga køyrast i første omgong som eit prøveprosjekt. Det nye
dommarkortsystemet og den føreslegne endringa i vekting av eigenskapar vert
køyrt som prøveprosjekt ved årets hingsteutstilling. Og den teljande døminga
vil føregå etter prinsippa som har vore gjeldande før. Prøveprosjektet vil
gje eksakte erfaringar om korleis endringane vil slå ut i praksis, som vil
vere godt eigna til brei diskusjon ved årets haustmøte. Grasrota sine
synspunkt er då velkomne, før endringar vert iverksette. På NFL sitt årsmøte
02.05.12 vil det verte informert meir omfattande om dette, og det vil
deretter verte høve til at lokal-/fylkeslag kan få uttale seg fram til
haustmøtet.
Avlsplanen finn du
her
|
Klikk her for en printervennlig versjon av denne artikkelen
 (Åpner seg i et nytt vindu)
Tips en venn om denne artikkelen:
|
|
|
|
 |