Magne Hus er vald som Norges Fjordhestlag sin representant i styret ved AS Norsk Fjordhestsenter, med Gunnar Bruland som vara.
Norges Fjordhestlag har vedteke godtgjersle på kr. 4500,- for rekneskapsføring for FHI og kr.3500,- for rekneskapsføring for Fokus Unghest.
Styret har bedt om å få endeleg tekst angåande revisjon av avlsplan oversendt frå NHS for gjennomsyn før endeleg godkjenning blir vedteken.
Når det gjeld testen av 4-års hingstar på Eid vil Norges Fjordhestlag ta initiativ overfor Norsk Hestesenter om ein revisjon av rutinar for gjennomføring av testen.
Norges Fjordhestlag vil saman med dei andre norske rasane få til ein lik praksis når det gjeld utdeling av rosettar.
Norges Fjordhestlag gjekk inn med kr. 5000,- i ordinær støtte, pluss kr. 2000,- i ekstrastøtte til NM Fjordhest 2009. I tillegg vart det løyvd kr. 1000,- til oppdrettarpris. I tillegg betalar også NFL premier i henhold til statuttane, samt gåvepremiar.
Pr. dato har det ikkje lukkast å få arrangør til NM 2010. Dette håpar vi kan vere på plass rimelig raskt.
Programmet for Haustmøtet er klart.
|