Referat frå styremøte Norges Fjordhestlag 29. november 2007
.
Skrevet av: Leif Rand
Publisert: 09.01.2008
.
Møte: 09/07.
Tid: Torsdag 29. november kl. 09.00
Stad: Veterinærhøyskolen, Ullevålsveien 72, Bygning 3, Hesteklinikken.
Desse møtte: Magne Hus, Michelle Svae, Egil Strøm, Knut R. Thunheim. Referent Leif Rand. Forfall: Berit Bergset.
Leiar i kåringsnemnda Nils Ivar Dolvik deltok også.
Sak 62/07:

Referat møte 08/07.
Referat frå møte 08/07 er lagt ved

Vedtak:
Referat frå møte 08/07 godkjent uten merknad.

 

Sak 63/07:

Budsjett og arbeidsplan aktivitetsutvalet 2008.
Det låg ikkje føre framlegg til budsjett og arbeidsplan frå aktivitetsutvalet.

Vedtak:
Styret vedtek eit budsjett for aktivitetsutvalet med ei ramme på
Kr. 13 000,- som vert å legge inn i budsjettet for NFL.

 

Sak 64/07:

Budsjett NFL 2008.
Framlegg til budsjett for NFL for 2008 med eit kalkulert overskot på
kr. 21 725,- var lagt ved og gått igjennom post for post.

Vedtak:
Det framlagde budsjett med eit kalkulert overskot på kr. 21 725,- vart vedteke og lagt ved protokollen.
Føringer lagt inn i samband med budsjettarbeidet: Drive aktiv medlemsverving, meir målretta arbeid med annonsører til bladet, få på plass nettbutikk med utvida sortiment i god tid før hingsteutstillinga.

 

Sak 65/07:

Søknader om avlsfremjande midlar 2007.
Følgjande har søkt om avlsfremjande midlar for 2007:

Kjøpetilskot 1:  
Hol og Ål Fjordhestlag, Myklejon  
Norsk Fjordhestsenter Perakrossen  
Kjøpetilskot 2:  
Indre Sunnhordl. Fj.h.lag Solli Gråen  
Sunnfjord Fjordhestlag Torsetblakken  
Leigetilskot:  
Hedmark Fjordhestlag Stasvikens Sylvfaks  
Søknader utenom reglementet:
Leigetilskot:
Indre Nordm. Fj.h.lag Ask Eldre enn 3 år.
Ørsta / Volda j.h.lag Sofin Eldre enn 3 år.
Tilskot til slepp:
Sunnfjord Fjordhestlag Lunner Gråen  
Generell søknad om avlsfremjande midler:
Indre Nordmør F.H.lag    
I. Nordmør og Ørsta/ Volda Fj.h.lag    
     

Vedtak:
Styret har gjort følgjande vedtak om avlsfremjande midlar for 2007:

Kjøpetilskot 1:
Hol og Ål Fjordhestlag Myklejon Kr. 6000,-
Norsk Fjordhestsenter Perakrossen Kr. 6000,-
Kjøpetilskot 2:
Indre Sunnhordl. Fj.h.lag Solli Gråen Kr. 6000,-
Sunnfjord Fjordhestlag Torsetblakken Kr. 6000,-
Leigetilskot:
Hedmark Fjordhestlag Stasvikens Sylvfaks kr. 4000,-

Beløpa er redusert grunna begrensa tildeling til dette formålet frå Norsk Hestesenter.
Søknader utenom reglementet vart ikkje tilgodesett med midlar for 2007.

 

Sak 66/07:

Bruk av avlsmidler 2007.
Rapport om bruk av avlsmidler til NHS er lagt ved.
Bruken for 2007 fordeler seg slik:

Semin: Kr. 100 000,-  
Unghest: Kr. 20 000,-  
Int. arbeid: Kr. 22 000,-  
Avlsplan rev. Kr. 68 500,- ( Førebels kostnader)
Avlstilskot NFL: Kr. 28 000,-

 
SUM Kr. 238 500,-  

Vedtak:
Rapport om bruk av avlsmidler vart med mindre justeringer vedteke, og blir sendt NHS.

 

Sak 67/07:

Kjøpe- og leigetilskot 2008.
I føringer frå NHS kan ikkje lenger kjøpe- og leigetilskot reknast som avlsfremjande tiltak. Ut frå det blir det gjort følgjande vedtak.

Vedtak:
Kjøpe- og leigetilskot går ut frå og med sesongen 2008.
Styret ser på andre virkemidlar for 2008.

 

Sak 68/07:

Søknad om avlsmidler 2008.
Søknad til NHS om avlsmidler for 2008 var lagt ved.
Søknaden er delt i 4 avsnitt:

1. Semin Kr. 120 000,-
2. Unghestprosjekt Kr. 80 000,-
3. Internasjonalt arbeid Kr. 50 000,-
4. 3-års hingst, stimulering bruk. Kr. 50 000,-
  Sum Søknad: Kr. 300 000,-

Vedtak:
Etter mindre korrigeringer vert søknaden på kr. 300 000,- å sende NHS. Den blir også lagt ved protokollen.

 

Sak 69/07:

Avlsplan – videre saksgang
Viser til vedlagt framlegg frå Jorunn Alme om ny høyringsrunde og endeleg godkjenning av avlsplanen på årsmøtet 2008.

Vedtak:
Det vart sett ned eit fagleg kompetent utval som har styret sin fulle tillit. Arbeidet til utvalet har vore ute til høyring og det har kome inn kommentarer som er blitt nøye vurdert. Det vart også framlagt på haustmøtet 2007 til brei debatt og gruppemøte.
Styret finn difor ikkje grunn til å endre på den oppsatte godkjenningsplan.
Utvalet blir oppmoda om å levere utkast til ny avlsplan til styret i NFL innan 5. februar 2008.

 

Sak 70/07:

Kåringsdommere 2008

Vedtak:
Styret gjer framlegg til følgjande medlemer av kåringsnemnda for fjordhest for 2008:
Nils Ivar Dolvik, leiar
Reidar Eilif Time
Kari Anne Indrebø
Arne Hjelmeland
Live Enerhaugen
Arne Eide
Susan Hellum
Dagfinn Gjøstein

 

Sak 71/07:

Internasjonale dommere 2008.

Vedtak.
Dei kåringsdommarar som vert oppnemnt av NHS vert også internasjonale dommarar for 2008.
Vedtaket vert å sende NHS og FHI.

 

Sak 72/07:

Testpersonell utvida bruksprøve 2008.
Testpersonell 2007 var Knut Karlsen, Siri Endal, Ivar Os.
Stallansvarlig Marit Grenlund.

Vedtak:
Styret gjer framlegg på følgjande testpersonell for 2008:
Knut Karlsen, Ivar Os, Siri Endal.
Det blir arbeidd med å ha klart kompetente erstattere dersom det skulle bli nødvendig.

 

Sak 73/07

Informasjonsutvalg.
For å kunne gjere ein betre innsats innanfor informasjon og marknadsføring når det gjeld Norges Fjordhestlag og arbeidet der vart det på haustmøtet lagt fram ein ide om å opprette eit informasjonsutvalg.

Vedtak:
Det vert oppretta eit informasjonsutvalg som er sett saman av redaktør, webmaster, ein rep. frå styret, ein rep. frå aktivitetsutv, ein rep. frå avlsutv og sekretær, + eventuelt andre ressurspersoner.
Sekretær, redaktør og webmaster koordinerer arbeidet.

 

Sak 74/07:

Felles NM-logo.
Det kom fram ynskje på haustmøtet om å få til ein standard NM-logo som kan nyttast år etter år, m.a. for å få tydelegare og betre profilering og lette arbeid for arrangør.

Vedtak:
Styret sender saka til aktivitetsutvalet og ber dei vurdere dette og eventuelt kome med framlegg til standard NM-logo.

 

Sak 75/07:

Fokus lokallag, vidare oppfølgjing.
På haustmøtet vart utvalsrapport om lokallaga lagt fram. Styret vurderer vidare tiltak på bakgrunn av dei konklusjoner som kom fram der.

Vedtak:
Innstillinga frå utvalet blir sendt alle fylkes-, distrikts-, og lokallag med anmodning om at dei drøftar sine arbeidsoppgåver. Om ynskjeleg vil medlemer frå utvalet eller styret møte til drøftingar.

 

Sak 76/07:

Honorar Ingvild Sveen.

Vedtak:
Styret ynskjer å vidareføre godtgjersla til Ingvild Sveen ved å yte kr. 3000,- (2000,- + 1000,-) pr. år for arbeidet med heimesidene. Beløpet er satt med omsyn til rapporteringsreglar.

 

Sak 77/07:

Evaluering haustmøtet 2007 og Haustmøtet 2008
Evaluering av haustmøtet 2007 og vurdering av stad og tema for haustmøtet 2008.

Vedtak:
Styret har fått gode tilbakemeldinger både når det gjeld lokaliteter og innhald.
Haustmøtet 2008 blir helga 17. – 19. oktober.
Arbeid med innhenting av tilbod med omsyn til plassering er i gang.
Førebels aktuelle temaer:
Utstillingssesongen 2008.
Utstillingssystemet.
Unghest.no.
Avlsutval og aktivitetsutval blir bedt kome med framlegg til aktuelle temaer innen 05.02.08.

 

Sak 78/07:

Sentralutstilling austlandet – dei 3 norske raser.
NFL har fått innspel frå Landslaget for Nordlands/Lyngshest om ei sentralutstilling på Jarlsberg hausten 2008.

Vedtak:
Norges Fjordhestlag stiller seg bak ideen om ei sentralutstilling på Jarlsberg hausten 2008, og innstiller på at Michelle Svae, Torbjørn Kverneland og Hedda Smukkestad vert NFL sine representantar i utstillingsnemnda. Utstillinga må vere i god tidsavstand, minst 14 dager, frå andre store utstillinger

 

Sak 79/07:

Samarbeidsavtale forsikringsselskapet Agria.
Etter oppsigelse av avtale inngått med Gjensisdige ynskjer NFL å vurdere andre samarbeidspartnere. Utkast til avtale mellom dei 3 norske rasane og Agria er lagt ved.

Vedtak:
Magne Hus får fullmakt til å diskutere innhaldet i avtala med dei 2 andre norske rasane før avtale eventuelt blir inngått.

 

Sak 80/07:

Søknad om reisestøtte Anne Karin Løken.
Styret har fått inn søknad frå Anne Karin Løken, som redaktør av medlemsbladet, om reisestøtte til haustmøtet 2007

Vedtak:
Styret imøtekjem søknaden om reisestøtte.

 

Nordfjordeid, 03.12.07.

Leif Rand
Referent






  Klikk her for en printervennlig versjon av denne artikkelen 
(Åpner seg i et nytt vindu)
 

Tips en venn om denne artikkelen:

Ditt navn: Din 
e-postadresse:
Din venns 
e-postadresse: