Ljosprins frå Fjaler til Finland
Artikkelen ble publisert i Firda 24.03.2003
Gjengitt med tillatelse fra Firda ved Kenneth Ø. Monsen.
Skrevet av: Kenneth Ø. Monsen
Publisert: 31.03.2003
– Vi har hatt hingsten i tre år. Når døtrene hans no vert klare for al, så er det kanskje på tide å få inn nytt blod…

________________________________________________________________________
Tekst og foto: Kenneth Ø. Monsen

«CHAMPION»: Det er ein staseleg hest
Sunnfjord Fjordhestlag sendte frå seg. 
Saman med Ljosprins står forvert 
Odd Jarstad og leiar for Sunnfjord 
Fjordhestlag, Oddvar Vassliås. 
Foto: Kenneth Ø. Monsen

Det seier Oddvar Vassliås, leiar i Sunnfjord Fjordhestlag. Ein søndag i slutten av mars starta reisa for alshingsten til laget –seksåringen Ljosprins, som var seld til Finland. Der skal hesten inn som «stamfar» i eit gryande fjordhestmiljø.

– Ingen hadde bruk for han
– Vi har ein stund freista å selje Ljosprins til hestelag i Norge. Det har ikkje lukkast oss. Då er det like godt at vi eksporterer hingsten til hesteentusiastar i utlandet, seier Vassliås. Som legg til at hingsten så langt er far til eit førtitals avkom, og at han har mange gode og produktive år framfor seg enno.
Odd Jarstad, som det siste året har vore fôrvert for Ljosprins, tykkjer det er for ille at produktive alsdyr som dette vert eksportert.
– Eg meiner at norske fjordhestlag må verte flinkare til å samarbeide. Ei rullering – eller hestebytte mellom laga, må kunne vere mogleg å få til. Denne hesten har alle kvalitetar i seg til å oppnå høgste premiering ein fjordhest kan få, seier Jarstad, som «fryktar» at utanlandske fjordhestmiljø no får høve til å byggje opp stammer som kvalitetsmessig overgår det norske.

LANG I LUGGEN: Seksåringen 
Ljosprins har i følgje Odd Jarstad 
(t.v.) potensial i seg til å få 
førstepremie som åtteåring. 
Foto: Kenneth Ø. Monsen
Eksportert fleire
– Det er første gong vi i Sunnfjord Fjordhestlag sel dyr til Finland. Men vi har eksportert hestar til så vel Danmark og Sverige som Nederland, opplyser Vassliås.
Han seier at det finske fjordhestmiljøet så langt har vore tufta på tre-fire alsdyr frå Danmark – hestar som visstnok skal vere av litt usikker kvalitet.
– Men frå onsdag, då Ljosprins etter planen skal vere framme i Finland, vert det nok ei markant kvalitetsheving i alsarbeidet, konkluderer leiaren for fjordhestlaget.
Han fortel at Sunnfjord-hesten vart transportert via Eid til Oslo – der finnane henta fjordingen.

 

PS: Sundag 30. vart Ljosprins vist på utstilling i Finland og fekk 2. pr.- bere eit poeng frå 1. pr.





  Klikk her for en printervennlig versjon av denne artikkelen 
(Åpner seg i et nytt vindu)
 

Tips en venn om denne artikkelen:

Ditt navn: Din 
e-postadresse:
Din venns 
e-postadresse: