![]() |
|||||||||||||||
|
Overnatting under NM Fjordhest 2008Det vert høve til å leige rom på internatet ved Mo og Jølster Vidaregåande skule under NM. Romma vert nytta til elevane ved skulen, og det er ein enkel standard med felles dusj og toalett i kvar etg. Det er og eit felles TV-rom, peisestove for sosiale samankomstar. Romma er i utgangspunktet einmannsrom, men ein får fint ei madrass på golvet om ein ønskjer å bu to saman. Madrass må man da ta med sjølv. Prisar for rom 250 kr pr døgn. (NB uoppredd) Det vert høve til å kjøpe frukost, middag og kvelds i kantina på skulen. I tilegg til serveringa elles. Ein kan tinge rom hjå overnattingsansvarleg Trine Lise Sjursæter på tlf 915 71 256 mellom kl 09.00 - 12.00. Sms blir ikkje besvart. Det er ansatt eiga internatvakt som er til stades om kvelden og om natta for å å ha tilsyn med internatet. Ta gjerne kontakt om du er interessert i å høyre meir om internattilbodet. Det er 45 rom som kan leigast ut på internatet og vi følger første man til mølla prinsippet. Så vær tidleg ute for å bestille dersom du ønsker plass på internatet. Grunna plassmangel vert det dessverre ikkje høve for overnatting i campingbilar/vogner på sjølve stemneplassen. Førde og Jølster har mange overnattingsmoglegheiter både når det gjeld camping, hytter, motell, pensjonat og hotell desse finn ein her Har du spørsmål om overnatting ta kontakt med Marie Hagen, Tlf 41459298 eller sognogfjordanerytter@hotmail.com.
Denne siden ble sist oppdatert 02.02.2008 |
||||||||||||||